Bil kolliderte med tre i Fauske
Written by on 1. mars 2026
Naudetatane rykker ut til ei trafikkulukke i Fauske.
Ifølgje politiet har ein bil med to personar kollidert med eit tre. Skadeomfanget er enno ikkje kjend, melder Nordland politidistrikt.
Oppdatering kl. 10:15.
Naudetatane er fram på staden og er i kontakt med førar og passasjer.
– Bilen har hamn utan for vegen og har treft eit tre, seier Ine Kristin Selfors ved politiet sin operasjonssentral.
Ambulanse har gjort ein sjekk av dei involverte, dei har ikkje behov for vidare oppfølging. Det skal ikkje vere snakk om ruskøyring.
Ifølgje politiet er det utfordrande køyreforhold på staden. Det er vatn og slaps på vegen som følgje av vêret.
– Me gjer undersøkingar på staden om kva som kan ha skjedd, seier Selfors i Nordland politidistrikt.