SV-lokallag med mistillit mot leiinga
Written by on 22. februar 2026
– Hemmeleghald av misnøye skapar berre meir misnøye, meiner lokallagsleiar og varaordførar i Tjeldsund kommune, Odd-Are Hansen.
Tjeldsund låg tidlegare i Nordland, men ligg no i Troms.
Etter valresultatet i fjor har SVs leiar Kirsti Bergstø fått kritikk frå fleire hald.
Denne helga held Troms SV fylkesårsmøte. Blant punkta i programmet finn ein «Mistillit til partileiinga etter evaluering av valkampen». Forslaget er levert av lokallagsleiar og varaordførar i Tjeldsund kommune, Odd-Are Hansen.