Tilrår vidare fiskestopp for lodde i Barentshavet
Written by on 11. desember 2025
Havforskarane tilrår nullkvote for lodde i Barentshavet i 2026, skriv Havforskningsinstituttet i ei pressemelding.
– Etter to sterke årsklassar i 2019 og 2020, har rekrutteringa vore svak, og berekningane viser at gytebestanden no er den lågaste som er målt sidan 1995, seier havforskar Georg Skaret, som er bestandsansvarleg for lodde.
Lodda i Barentshavet er ein kortlevd bestand, og fisken døyr like etter gyting. Loddebestanden kan såleis variere kraftig i mengd, utbreiing og vekst frå år til år.
Skaret seier det er relativt låge mengder umoden lodde i Barentshavet, og at det difor ikkje er store sjansar for loddefiske i 2027 heller.
Den endelege kvoten vert fastsett av den norsk-russiske fiskerikommisjonen, som møtest denne veka.