Tal på avvik har mangedobla seg

Written by on 20. desember 2023

Talet på avvik i Bø kommune har mangedobla seg.
Det skriv Vesterålen Online.
I 2022 var det meldt inn 37 avvik i Bø. I 2023 er heile 300 avvik innmeldt.
Dei er fordelt likt mellom skule og helse.
– Aukinga er dramatisk, og handlar om vald og utagerande åtferd, seier skulesjef Hans Kristian Pettersen.
Han seier dei vil sjå fordelinga mellom skule og helse i samanheng, og at dei vil legge fram ein rapport på tilstandane.
Under behandlinga av budsjett i kommunestyret i Bø, var kutt i talet på assistentstillingar i skulen eit av fleire tiltak som blei drøfta. I forslag til vedtak var det foreslått å kutte 4,5 assistentstillingar.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy