Frivillighheita får 2,4 milliardar før jul
Written by on 20. desember 2023
Frivilligheita får utbetalt full momskompensasjon, og beløpet på over 2,4 milliardar kroner er rekordhøgt.
Det melder regjeringa i ei pressemelding.
– Meir enn 23 000 frivillige lag og foreiningar får pengar på konto denne veka. Dette kjem godt med for mange, frå frivilligsentralar til turnforeiningar, fotballag og frivillige hjelpeorganisasjonar, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
I år er det 1000 nye organisasjonar som fåt stønad frå ordninga.
Utbetalinga i år er på 2 451 millionar kronar, noko som er 424 millionar kroner meir enn i fjor, ifølge regjeringa.
– Dette er tredje gong regjeringa har sikra full momskompensasjon. Det gjer vi fordi vi set frivilligheita og innsatsen deira svært høgt, seier Jaffery.
Sett samla er idrettslag- og foreiningar den største mottakaren med 905 millionar kroner, deretter kjem trus- og livssynsorganisasjonar med 294 millionar kroner.