Tjuvegods funne etter ransaking

Written by on 30. november 2023

Politiet har gjennomført ransaking på ei adresse i Vesterålen torsdag 23. november, skriv dei sjølv i ei pressemelding.
Ransakinga er i samanheng med etterforsking av ei pågåande straffesak i Lofoten og Vesterålen.
Under ransakinga blei det gjort funn av tjuvegods, blant anna ei betydeleg mengde narkotika.
Ein mann i 30-åra frå Vesterålen blei pågripen og varetektsfengsla under ransakinga. Han er no lauslaten frå varetekt.
Ytterlegare to personar har vore pågripne, men er no lauslatne.
Politiet har dei siste dagane gjennomført fleire tekniske og taktiske etterforskingsskritt i saka. Vidare vil dei ha fokus på blant anna analyse av narkotikaen.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy