Melde om snøskred i Bjærangen i Meløy
Written by on 23. november 2023
Rundt 10.30 melde Vegtrafikksentralen om eit skred ved fylkesveg 7420 ved Bjærangen.
Vegtrafikksentralen opplyser til NRK at sensorane i fjellsida har slått ut. Men at det ikkje er snakk om eit skred som har treft vegen. Det er små skred lengre opp i fjellsida som har skapt litt snøfokk, og som har ført til at sensorane vart slått ut. Folk har vore på staden for å sjekke, og det er ikkje noko som påverkar trafikken.