Marthe Johansen imponerer før verdscup: – Potensiell 1.etappe-løpar

Written by on 12. november 2023

Skiskyttaren Marthe Kråkstad Johansen frå Mo i Rana deltok i dag under fellesstarten for kvinner på Sjusjøen Arena.
Ho leverte ein strålande fellesstart, melder RanaBlad. Det er ingen tvil om at skiskyttaren vil ha ein av dei fire ledige plassane til opninga på verdscupen i svenske Östersund den 25. november.
Kråkstad Johansen representerer Bossmo & Ytteren Idrettslag. Med ein 4.plass laurdag og ein 2.plass søndag markerte ho seg i helga.
– Ein veldig spennande løpar. Ho er ein potensiell 1.etappe-løpar på VM-stafetten i vinter, meiner NRK-ekspert Ola Lunde.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy