Fleire ulykker i natt

Written by on 22. november 2023

Natt til onsdag har det vore fleire ulykker i Nordland.
I Meløy kommune har det vore ein brann i eit hus på Ågskardet i Meløy kommune.
Politiet fekk melding om ulykka ti over to i natt av ein nabo. Denne naboen hadde sjølv berga bebuaren av huset ut.
Via telefon har operasjonssentralen i Nordland politidistrikt informert bebuarar i nærliggande hus som evakuerte seg sjølve ut.
Brannvesen og helsepersonell har vore på staden, og kom dit med ambulansebåten. Det har vore vind på staden, så det var fare for spreiing.
Brannvesenet har drive slokking og kontrollert nedbrenning av bustaden. Ingen personar blei skadde. Brannvesenet er framleis på staden.
Det har også vore ei trafikkulykke på fylkesveg 17 ved Rodal i Brønnøy kommune, der ein varebil med to personar blei tatt av vinden på ei rett strekke.
Politiet fekk melding om ulykka klokka 02.51 i natt. Dei to personane, sjåfør og passasjer, har fått helsehjelp og er ikkje skadde etter hendinga.
Bilberging er bestilt.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy