Verdsbanken trur oljeprisen kan bli pressa opp
Written by on 30. oktober 2023
Dersom krigen mellom Israel og Hamas blir trappa opp, kan det føre til at oljeprisen blir pressa opp til «nye og ukjende» høgder, ifølge ein ny rapport frå Verdsbanken. Dette kan føre til at matprisane også aukar ytterlegare.
Ifølge rapporten vil krigen ha lite å seie for oljeprisen om krisa ikkje blir trappa opp. Ei mellomstor opptrapping vil kunne føre til ein prisauke opp mot 35 prosent, medan ei stor opptrapping vil kunne føre til at oljeprisen aukar mellom 56 og 75 prosent, skriv Verdsbanken.