Uro etter beskjed om raske etableringar av asylmottak
Written by on 25. oktober 2023
Regjeringa inngår no kontraktar om nye akuttmottak i stort omfang med kommersielle aktørar. Det er altså på veg nye asylmottak over heile landet, og desse kjem på kort varsel.
I region Nord skal det bli etablert 220 plassar i Bodø.
Sosialistisk Venstreparti er bekymra for kor pengane går, når private aktørar skal drive asylmottak.
– Det er så mange menneske på flukt som treng hjelp at vi må passe på at kvar einaste krone når fram til eit verdig tilbod for flyktningane sjølve, og kompetente tilsette.
Det seier Birgit Oline Kjerstad, som er flyktningspolitisk talsperson for SV på Stortinget (på biletet).
– Det blir etablert så mange mottak no at eg trur det er vanskeleg for folk å ta innover seg kva det betyr, seier justisminister Emilie Enger Mehl i Senterpartiet til NTB.
Berre i oktober er det blitt oppretta 3.000 asylmottaksplassar. På ein månad, i august, blei det oppretta 28 nye mottak.
– Dette er store tal, og kjem på toppen av at vi allereie har mange tusen ukrainarar ute i norske kommunar, seier Mehl.
Noreg tar no imot 60 prosent av alle ukrainarar som kjem til dei nordiske landa. Det er årsaka til at Utlendingsdirektoratet (UDI), som står for etableringa av nye asylmottak, no har inngått 33 rammeavtalar med 27 ulike leverandørar om drift av nye asylmottak rundt i kommunane.
Det blir i første omgang etablert 1200 plassar gjennom avtalar med fire leverandørar i tre ulike regionar: Vest, Midt-Noreg og Nord.
Ifølge ei pressemelding frå UDI sjølv, er det inngått avtale om etablering akuttplasseringar i asylmottak i Bergen, Voss, Rauma og Bodø.
Sosialistisk Venstreparti meiner at staten må bidra med meir midlar.
– Eg ser at det er ein krevjande situasjon i mange kommunar no med mottak av eit stort tal flyktningar. Derfor meiner SV at staten må stille opp med ressursar for kommunane slik at det gode busetjingsarbeidet som er gjort kan halde fram.