Reagerer på manglande støtte til å krevje stortingsbehandling
Written by on 26. oktober 2023
SV Nordland har prøvd å få fylkestinget med seg på at beslutninga om ny sjukehusstruktur i Nord-Noreg bør bli behandla av stortinget.
SV meiner avgjersla er for viktig til å bli bestemt av styret i Helse Nord eller ein enkelt minister, oppøyser dei i ei pressemelding.
Det fekk dei ikkje.
I den pågåande samlinga av fylkestinget fekk forslaget om å krevje stortingsbehandling av sjukehusstrukturen ikkje fleirtal.
Forslaget blei fremja saman med Frp, Krf og Raudt. Det blei avvist mot 15 stemmer.
Fylkestingsrepresentant for Nordland SV, Vegard Lind-Jæger, reagerer kraftig på dette.
– Det er direkte sjokkerande at fleirtalet i fylkestinget, deriblant Høgre, har så stor tru på prosessen i Helse Nord og helseministaren at dei ikkje stiller seg bak at beslutninga bør ligge i Stortinget.
Han klarar ikkje å forstå at det er mogleg å vere så kritisk til prosessen, samtidig med å ha full tillit til at ministaren som sette i gang prosessen skal fatte ei god beslutning.
Lind-Jæger får støtte av gruppeleiar for SV i fylkestinget, Christian Torset.
– Her har vi moglegheita til å adressere ein av dei tydelege svakheitene med helseføretaksmodellen. Demokratiet er redusert til eit påverkingsorgan, heller enn å vere beslutningstakar.