Premiere på tørrfiskopera i Venezia: – Enormt
Written by on 27. oktober 2023
I dag skal Querini-operaen frå Røst bli framført i sjølve heimlandet for operaen.
– Eg tenkte vel eigentleg aldri at eg skulle bli operastjerne. Men vi har sidan 2012 då vi sette opp operaen for første gong, hatt ein draum om å kome til Venezia. Og her er vi no. Det er heilt fantastisk, seier Elisabeth Mikalsen som til vanleg er ordførar på Røst.
Det er altså premiere på operaførestillinga om adelsmannen Piotro Querini, som stranda på Røst i Lofoten i 1432. Det fekk betyding for eksporten av tørrfisk frå Noreg.
Det skal skje i italienaren sin heimby Venezia. Førestillinga har blitt sett opp på Røst sidan 2012, men det er første gong ho blir vist i Venezia.
Idun Hansen, som jobbar i butikk til vanleg, hadde heller aldri trudd at ho skulle stå på scena i Venezia.
– Det kjennest som ein draum. Det gjer det.
– Du er som vand med å ha ein og ein kunde, korleis blir det å ha eit heilt publikum framfor deg?
– Eg har ikkje tenkt så langt. Nei, det blir vel som eit sjokk, seier ho med ein god latter.
Frode Hansen, som til vanleg er mekanikar i fiskeindustrien, seier at ting ikkje er så annleis. Han kallar seg ein syngande mekanikar.
– Her jobbar vi, her står vi på. Og syng litt i kvardagen, så det er ikkje så annleis. Det er litt andre kulissar, då, seier Hansen.
Han slit med å finne dei rette orda for å beskrive det dei skal gjere i kveld.
– Det her er enormt. Det er svært, heilt sjukt. Det er jo 400 menneske som skal hit.