Meiner regjeringa bryt løftet sitt

Written by on 3. oktober 2023

Førre veke kom nyheita om at regjeringa vil opne tre område for havvind. Områda NVE skal konsekvensutreie ligg utanfor Haugesund, nordvest for Bergen og utanfor Sørvestlandet. Altså i tre område i Sør-Noreg.
Det har fått fleire i Nord-Noreg til å reagere.
Blant andre administrerande direktør i Mo Industripartk, Arve Ulriksen.
– Nok ein gong så opplever eg har Nord-Noreg blir nedprioritert, mens prosjekt i sør som blir løfta fram, sa han.
Klyngeleiar i Ocean Cluster Helgeland, Thomas Borgen, er skuffa og vil at regjeringa også skal sette av pengar til å gjere ei konsekvensutgreiing også i nord.
– Vi er skuffa. Både Solberg-regjeringa og Støre-regjeringa har uttalt gong på gong at Nord-Noreg skal med. Det skapar nokre forventningar. Her er det langt frå ord til handling, og forventningane våre er ikkje innfridd, seier Borgen.
Han presiserer i ei pressemelding at forventningane spesielt er knytt til området Nordvest A utanfor Helgeland. Ifølge han er det allereie gjort faglege og tekniske undersøkingar av området og det er låg interessekonflikt i delar av området.
– Vi synest det er kjempebra at fleire område i Sør-Noreg er utlyst for havvind, og vi meiner ikkje at det er enten eller Vestavind B eller Nordvest A.
Borgen meiner løysinga er å også konsekvensutreie Nordvest A, og at dette bør inn i statsbudsjettet.
Han får støtte frå fylkesråd for plan og næring i Nordland, Linda Helèn Haukland frå Kristeleg Folkeparti. Ho meiner at havvindsindustrien har potensiale til å bygge Nord-Noreg og ruste landsdelen inn mot den nye såkalla grøne industrireisinga som er på gang.
– Vi forventar ei prioritering av Nord-Noreg og at det blir sett av ressursar til å utvikle havvindindustrien her, og er glad for signal frå statsråd Vestre om at dette kjem. Men det må skje snart, og ei konsekvensutgreiing av Nordvest A inn i statsbudsjettet kan vere ein god plass å starte, seier ho.
Olje- og energiminister Terje Aasland i Arbeidarpartiet har sagt til Teknisk ukeblad at dei skal kople nord på havvindsatsinga.
– Det kan Nord-Noreg vere trygg på. Vi jobbar intenst med det spørsmålet. Vi håpar det kan kome nesten umiddelbart knytt til ei 2025-runde, sa han til fagbladet.
Statssekretær i Olje- og energidepartementet, Andreas Bjelland Eriksen i Arbeidarpartiet, har nyleg sagt til NRK at regjeringa ønsker å gå vidare med alle dei 20 områda som direktoratsgruppa har foreslått, også områda i Nord-Noreg.
– Men det er forskjellar i kor mykje vi veit om dei ulike områda, som igjen påverkar kor raskt vi kan gjennomføre dei nødvendige utreiingane som skal til, for å sikre at eksempelvis bærekraft og sameksistens blir tatt omsyn til på ein god måte.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy