Foreslår å legge ned barnehage
Written by on 27. oktober 2023
Administrasjonen i Narvik kommune foreslår å legge ned Skarpen barnehage, melder avisa Fremover.
Det er som følge av at det blir født færre barn i kommunen.
Forslaget kom fram då administrasjonen i kommunen orienterte det nye kommunestyret om si innstilling til budsjett for perioden 2024-2027.
– Vi har ei befolkningsutvikling vi gjerne skulle ha sett at var annleis i aldergruppa 0-15 år. I 2019 blei det framskrive ein nedgang dei neste 12 åra på cirka 200 barn i grunnskulen i Narvik kommune.
Det sa kommunalsjef Tommy Eide.
Han forklarar at dei allereie er blitt 240 færre barn i grunnskulen enn i 2020.
– Vi skal planlegge for vekst, det er det vi håpar på og jobbar febrilsk for å få til, men vi må samtidig forholde oss til realitetane.
Skarpen barnehage er foreslått nedlagt frå 1. august 2024.