Einstemmig fylkesting med oppfordring til Helse Nord

Written by on 26. oktober 2023

– Sjukehus og helsetilbod i Nord-Noreg kan ikkje endrast på utan at det blir sett i samanheng med beredskap, sikkerheit, busetting og forsvarsevne.
Det seier gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Nordland fylkesting, Elin Daghlseng Eide, i ei pressemelding.
I dag stod eit einstemmig fylkesting saman om å krevje følgande:
Helse Nord må på få plass risiko- og sårbarheitsanalyser før det blir bestemt store omveltingar for sjukehusa og spesialisthelsetenesta i Nord-Noreg.
Fylkestinger krevjer at det blir sett på busetting, sikkerheitspolitikk og totalberedskap før viktige tilbod som akuttberedskap, føde- og barseltilbod blir rokka ved.
– Det går ikkje an å ta sjukehusa ut av samanhengen i Nord-Noreg, seier gruppeleiar for Høgre i fylkestinget, Stig Tore Skogsholm.
Han legg til at busetting i nord har ei strategisk betyding for sikkerheita i nasjonen.
– Helse Nord kan ikkje organisere seg vekk frå det med berre eit mål om å spare seg pengar.
– Dette er eit desentralisert samfunnsoppdrag som det ikkje går an å rasjonalisere vekk. Strukturvurderingar knytt til ei så viktig sak kan ikkje Helse Nord foreta åleine, seier Skogsholm.
I uttalinga frå fylkestinget blir det peika på at sjukehusstruktur har stor betyding for framtidig busetting i Nord-Noreg, i tillegg til eit sikkerheitspolitisk aspekt.
– Derfor kan ikkje vurderingar med så store følger for samfunnet bli bestemt av det regionale helseføretaket åleine, seier Dahlseng Eide.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy