Sju av ti har enno ikkje stemt
Written by on 10. september 2023
Trass i rekordmange førehandsstemmer, har framleis sju av ti med stemmerett ikkje stemt. Sjølve valdagen er på måndag, men i mange kommunar opnar dei første vallokala allereie søndag.
– Søndag er det 561 vallokale som held ope. Måndag er det 1879 vallokale som held ope, skriv kommunikasjonsrådgjevar Kjetil Johansen i Valgdirektoratet til NTB.
Opningstidene for vallokala varierer etter kvar i landet ein er, men dei siste stenger klokka 21 på valdagen.