MDG med låg oppslutning: – Generasjon Thunberg er ikkje død
Written by on 12. september 2023
Oppslutninga til Miljøpartiet Dei Grøne fall som ein stein på årets val. I Nordland blir Håkon Andreas Møller einaste representant frå MDG.
– Eg trur vi er sårbare som parti når vi har veldig stor truverd på miljø, men veldig låg truverd på andre felt. Men vi treng meir eigarskap til skule, eldreomsorg og dei andre sakene som betyr noko for folk.
Men folk som NRK har snakka med trur ikkje nødvendigvis at miljø er mindre viktig sjølv om MDG har lågare oppslutnad.
– Eg tenker miljøet er noko av det viktigaste. Viss vi ikkje tar vare på jorda så har vi ingen plass å verken ete eller drikke frå, eller kva ein skal seie. Eg har også medkjensle og respekt for at ein må ta dei vala ein tar, seier Tale Krogtoft.
Valforskar Jonas Stein seier at MDG ikkje lenger er åleine om å ta klimakrise på alvor, og meiner at partiet manglar breidda i politikken som veljarane ønsker seg.
– Ein av dei største utfordringane til MDG er at dei andre partia har tatt klimakrise på alvor og har ein grøn politikk. Då blir det kanskje vanskelegare for dei når dei ikkje har breidda som andre parti har.
Stein poengterer at MDG er mindre etablerte i Nordland enn andre parti, og at dette derfor blir eit ekstra hinder for dei i valkampen der, blant anna, kjente ordførarar er viktig.
Etter at det blei klart at Unge Høgre vant skulevalet i år, sa leiar av partiet, Ola Svenneby, at «generasjon Greta Thunberg er død». Håkon Andreas Møller er ueinig og seier at partiet skal jobbe seg tilbake.
– Eg trur ikkje generasjon Greta Thunberg er død, eg trur på ingen måte vi er død som parti. Det har vore ein spesiell valkamp og vi har kjempa i motvind i større grad enn tidlegare valkampar. Men dei politiske vindauga kan fort skifte, og før vi veit ord av det så har vi ein valkamp i medvind igjen om to år.