Industri- og næringspartiet kan ende over 30 prosent på Vega

Written by on 11. september 2023

Industri- og Næringspartiet (INP) er et politisk parti i Norge som ble stiftet på Vemork på Rjukan den 29. februar 2020 og som beskriver seg som sentrumsorientert.
Industri- og næringspartiet gjer det bra når førehandsstemmene er talt opp.
I Rana kommune har Industri- og næringspartiet 10,3 prosent av stemmene, bak Arbeidarpartiet og Høgre.
På Vega kjemper de med Ap om å bli største parti. Foreløpig har INP 31,9 prosent, mens Ap har 32,2.
Det betyr at partiet er en stemme fra å være like stor som Ap.
I Nordland ligger partiet an til å få over 5 prosent av stemmene og partiet gjør det også godt i industrikommuner som Rana og Narvik. Leder Håvard Berg Larsen i INP i Bodø nøler ikke med å kalle innsatsen er brakvalg.
Geir Wåge, ordførar i Arbeidarpartiet i Rana, legg vekt på at Arbeidarpartiet har gått fram åtte prosent i forhold til førehandsstemmene med førre val.
– Det er veldig hyggelege tal for oss. Ein framgang på åtte prosent på førehandsstemmene er ein hyggeleg start på kvelden.
– Kor mykje kjem Industripartiet til å røre ved den politiske konstellasjonen i Rana etter valet dersom dei blir så store som førehandsstemmene viser?
– No ber du meg om å spekulere i eit valresultat vi ikkje har endå, og det vil eg høfleg avstå frå. Eg er nøgd med at Arbeidarpartiet går fram åtte prosent på førehandsstemmene.
I Narvik har Industri- og næringspartiet 11,8 prosent av stemmene, det same som Framstegspartiet, når førehandsstemmene er talt opp.
Det er Arbeidarpartiet som har flest stemmer, med 25,7 prosent, og Høgre har 21,3 prosent.
Politisk kommentator Eivind Undrum Jakobsen er bombesikker på at dette er eit resultat som Industri- og næringspartiet jublar over.
– Dette er ikkje eit valresultat som Arbeidarpartiet jublar for, men det gjer garantert Høgre og bombesikkert Industri- og næringspartiet. Summerer ein Høgre, FrP og Industri- og næringspartiet, er det eit litt uoversiktleg politisk landskap ein skal inn i.
– Det er ingen som har umiddelbart fleirtal. Her kan Senterpartiet bli ein joker, frå å vere med å styre til å eigentleg sjølv skulle bestemme kven som skal ha ordføraren, seier Jakobsen.
I Vega kommune har Industri- og næringspartiet heile 31,9 prosent.
Det er rett bak Arbeidarpartiet med 32,2 prosent.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy