Framleis spenning mellom AP og Høgre i Narvik
Written by on 11. september 2023
I Narvik har Høgre og Arbeidarpartiet, med sittande ordførar Rune Edvardsen, vore like på meiningsmålingane. Det har gjort både han, og ordførarkandidat for Høgre, Lars-Eirik Lillefloth, spente.
Det er framleis usikkert, etter at førehandsstemmene er talt opp.
– Narvik har vore styrt av Arbeidarpartiet og Høgre i samarbeid dei siste fire åra, og her ser vi at Arbeidarpartiet blir straffa kraftig for det, mens Høgre får belønning.
Det seier politisk kommentator Stein Sneve.
I Narvik har Arbeidarpartiet no 23,1 prosent av stemmene, mens Høgre har 21,7 prosent.
– I Narvik er det akkurat no omtrent delt på midten mellom rødgrøn og blå blokk. Her kan enten Industri- og næringspartiet ende på vippen, eller Senterpartiet, som er veldig flinke å manøvrere i slike situasjonar, kan ta vegen over og sikre ein blå ordførar i Narvik, seier Sneve.
For Arbeidarpartiet er det ein tilbakegang på -12,8 prosentpoeng, mens det for Høgre er endring i positiv retning på 8,7 prosentpoeng.
Kommentator Eivind Undrum Jakobsen minner om eit anna parti som er verdt å hugse på:
– Og så er det verdt å få med seg Industri- og næringspartiet i Narvik, med fem mandatar i kommunestyret, på 14 prosentpoeng oppslutnad. Det er faktisk eit brakval som er verdt å få med oss.
Ordførar i Narvik, Rune Edvardsen, var overraska over resultata då førehandsstemmene var ferske.
– Eg blei veldig overraska, for vi har lege lågt på målingane over lang tid og Høgre har vore største partiet. Så det var overraskande at det blei så mykje på valdagsmålinga.
– Korleis ser du på dei neste timane?
– Det blir ekstremt spennande å sjå.