Fleire uavklarte kommunar – desse kan få ordførarverva

Written by on 12. september 2023

I nokre kommunar er det allereie avklart kven som får ordførarkjedet, mens andre må vente.
Avisa Nordland har oppsumert kven som ligg an til å ta verva i Salten.
I Beiarn har Senterpartiet mista sitt reine fleirtal, men ordførar Andre Kristoffersen ligg likevel an til å halde på ordførarkjedet.
Partiet fekk 57,2 prosent av stemmene ved førre val. Denne gongen fekk dei 42,9 prosent, men det er nok til at dei held posisjonen som kommunen sitt største parti.
– Vi er nøgde med å vere størst. No skal vi sette oss ned og snakke med dei andre om kva vi kan gjere saman i neste periode, seier Kristoffersen til Saltenposten.
I Rødøy ligg Inger Monsen an til å halde fram som ordførar.
Monsen, som representerer felleslista til Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti, har hatt fleirtal dei siste åra. Slik blir det også no, med 56,6 prosent av stemmene.
I Meløy er det ikkje avklart kven som blir ordførar.
– Nei, eg er absolutt ikkje trygg på det, svarte sittande ordførar Sigurd Stormo i Arbeidarpartiet til Avisa Nordland då dei spurte han om han er trygg på å halde fram som ordførar.
Framstegspartiet har gjort eit brakval i Meløy med over 20 prosent av stemmene, og ordførarkandidat Grethe Anita Andersen var glad for å bli det største partiet.
I Gildeskål ligg Bjørn Magne Pedersen i Høgre an til å halde fram som ordførar.
Partiet har fått 25,4 prosent av stemmene, noko som er ein oppgang på over ni prosentpoeng sidan valet i 2019.
Gildeskållista er valets store tapar i kommunen, med ein nedgang på 11,9 prosentpoeng samanlikna med valet i 2019.
I Sørfold ligg det an til eit skifte av ordførar. Dagens ordførar, Gisle Hansen i Senterpartiet, mistar truleg sitt verv. Partiet får ein oppslutnad på 27 prosent, ein tilbakegang på 15 prosentpoeng frå valet i 2019.
– Det er eigentleg ikkje så dårlege tal, men det er klart at eg er skuffa, seier han til Saltenposten.
På Røst gjorde Elisabeth Mikalsen og samarbeidslista eit brakval med over 80 prosent av stemmene.
– Dette var faktisk meir enn eg trudde vi skulle få, seier ho til Avisa Nordland.
Mikalsen er Senterparti-politikar og står på lista til Nordland Sp til fylkestingsvalet. Sentrumslista gjekk tilbake med 18,3 prosentpoeng og endte med 19,4 prosent.
I Verøy ligg sittande ordførar Susan Berg Kristiansen an til å halde fram som ordførar.
Ho og Værøylista fekk over halvparten av stemmene. Det er ein framgang på 23 prosent sidan valet for fire år sidan.
Berg Kristiansen er Høgre-politikar, men i Værøy har dei bestemt seg for å slå seg saman til Værøylista, der Høgre, Senterpartiet og nokre frå Arbeidarpartiet er samla. Ap stilte ikkje liste i år.
I Steigen ligg det an til at Aase Refsnes i Sosialistisk Venstreparti held fram som ordførar.
SV fekk til slutt 29,3 prosent av stemmene, noko som er ein oppgang på 12,9 prosentpoeng sidan 2019.
I Hamarøy ligg sittande ordførar Britt Kristoffersen Løksa an til å halde fram.
Ho har vore ordførar for Senterpartiet dei siste åra. Partiet er ikkje lenger størst i kommunen. Det er det Høgre som er, men det ligg likevel an til at Kristoffersen Løksa held på ordførarkjedet.
I dag samarbeidar ho med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti, der Sp har seks mandat, fire sit for Ap og SV har ein representant. Både Senterpartiet og Arbeidarpartiet mistar eit mandag no, mens SV held på sitt eine. Det gir ni mandat og framleis fleirtal dersom dei held fram med samarbeidet.
På Fauske er det ikkje sikkert kven som blir ordførar.
Her den sittande posisjonen, med ordførar i Senterpartiet, einige om å fortsette samarbeidet, utan KrF som mista sitt eine mandat. Høgre er kommunen sitt desidert største parti, og kan ligge an til å ende opp med ordførarvervet.
I Saltdal ligg det an til ny ordførar.
Her gjorde Framstegspartiet det godt, og Jan Arild Ellingsen er klar for å tre inn i ordførarvervet. Partiet har gjort eit av sine beste val i Saltdal, med ein oppslutnad på 25 prosent og fem mandat i kommunen. Dei er det største partiet.
I Bodø er det klart at Odd Emil Ingebrigtsen for Høgre tar over som ordførar etter Ida Pinnerød i Arbeidarpartiet.
Han får truleg med seg Frp og Venstre i sitt nye fleirtal.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy