Agnete Tjærandsen (92) kom inn i bystyret
Written by on 12. september 2023
I kveld blei det klart at Agnete Tjærandsen på 92 år kom inn i Bodø sitt bystyre, som ein av 39 representantar.
Ho står oppført på Høgre si liste. Leiar for valstyret, Ola Smeplass, fortel at ho kom inn med god margin.
– Det er fantastisk Ho kom inn med ganske god margin. Det var ingen tvil om at ho kom inn.
Han synest det er fantastisk at folk på hennar alder både stiller og ikkje minst får tillit.
– Det viser kor flott demokratiet fungerer. Det er ikkje berre for menn med slips rundt femti dette, her har vi plass til alle.
NRK har ikkje fått kontakt med Tjærandsen tysdag kveld.