NHO: Fleire må gjere som Rema 1000 i Mo i Rana
Written by on 31. august 2023
Halvparten av dei tilsette ved Rema 1000 Byporten i Mo i Rana har tilrettelagt arbeidsdag.
Det gjer at Stine Fandal kan jobbe når ho er i form til det, i staden for å gå heime ufør.
– Eg kunne vore 100 prosent ufør no, men er det noko eg ikkje vil så er det å ligge heime og sjå i taket.
Ho valde å jobbe, men innsåg raskt at det måtte skje på hennar premiss.
– Eg innsåg at det var best for meg å jobbe halv tid, seier ho.
Sjefen for Rema 1000 butikken, Hilde Møllervik seier at av 20 tilsette har fleire av dei tilrettelagd arbeidstid.
– Det er mange som er 60 prosent ufør, og har ein arbeidskapasitet på 40 prosent. Og det tenkjer eg må vere greitt, enn at dei berre skal sitte heime.
Styreleiar i NHO Nordland, Espen Haaland seier at slike dømer må vi har fleire av.
Dei fleste bransjar manglar arbeidskraft, og dei som står utanfor arbeidslivet bør få ein sjanse, meiner Haaland.
– Det at bedrifter slik som Rema 1000, tør og gå føre og tenke nytt, er ein suksesshistorie som vi er stolte av, seier Haaland.