Risikerer bøter for feil i læremiddel

Written by on 20. juni 2023

Fem kommunar risikerer dagbøter for feil i digitale læremiddel. Digdir har gjennomført tilsyn med elleve digitale læremiddel som blir brukt av Bergen, Stavanger, Sunnfjord, Trondheim, Bodø og Tromsø kommunar.
Løysingane som er kontrollert er i bruk i stort omfang i skuleverket og er levert av aktørar som Cappelen Damm, Aschehoug, Gyldendal og Schibsted.
Fem av kommunane har no fått endeleg rapport og blir ikkje feila retta innan august vankar det dagbøter.
Tilsyn med Sunnfjord kommune og løysinga Multi Smart Øving er sett på vent på grunn av lansering av ny teknologisk plattform.
Alle kontrollane avdekka feil som både er brot på lovkrav om universell utforming av digitale læremiddel, og som går utover elevar.
– I praksis betyr det at elevar med for eksempel dysleksi, nedsett syn eller motorikk har ein skulekvardag der dei ikkje får bruke dei digitale læremidla slik som dei andre i klassen. Det fører til utanforskap, men utgjer også fare for at ein får dårlegare resultat eller læringsutbytte, seier tilsynsdirektør Malin Rygg.
Digdir meiner dei fleste feila ikkje er særskilt kostnadskrevjande eller vanskelege å korrigere innan fristen.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy