Pellegrino tatt ut på landslaget

Written by on 2. juni 2023

Amahl Pellegrino blir lønna med plass på det tanzanianske landslaget.
Det skriv Bodø/Glimt på sine nettsider.
– Sjølvsagt er det ei stor nyheit. Det er kult både for meg og familien. I alle fall for foreldra mine, seier Pellegrino til klubben.
– Eg har jo røter i Tanzania, så sjølv om eg er fødd i Noreg er det veldig kult for oss.
Etter storspel for dei heilgule dei siste sesongane, har Pellegrino for alvor blitt kasta inn i debatten om landslag. No har Tanzania kasta seg med i kampen om Pellegrino, og tatt han ut på den komande landslagssamlinga.
Samlinga er i midten av juni der Tanzania blant anna møter Niger på heimebane i ein viktig kamp i kvalifiseringa til Afrikameisterskapet.
Ein siger der kan sikre dei eit svært godt utgangspunkt for den avgjerande kampen mot gruppeleiarar Algerie i september.
Etter nyheita seier Noregs landslagssjef Ståle Solbakken til NRK at han har vore klar over at Pellegrino kan representere Tanzania.
– Vi tar heile tida ut dei vi meiner er riktige, også med tanke på Pellegrino. Og vi ville aldri tatt ut nokon i hans alder berre for å sikre at han ikkje kunne spele for eit anna land, seier Solbakken.
Dersom Pellegrino representerer Tanzania blir døra lukka for å spele for Noreg. Derfor har Pellegrino ei tøff avgjersle å ta.
– Det er stort å bli tatt ut for Tanzania, men det hadde det vore å spele for Noreg også. Valet er veldig vanskeleg, samtidig som det er kult å ha moglegheita. Det blir nok litt tenking no, seier Glimt-stjerna.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy