Mange fekk ikkje naudvarselet
Written by on 14. juni 2023
I dag klokka 12, i om lag 10 sekund, skulle det pipa i omtrent alle mobiltelefonar i Noreg.
Men ikkje alle fekk varsel. Tipsarar frå fleire plassar i landet seier at mobiltelefonane deira ikkje ula. Tipsarane har ulike mobiltelefonar og ulike operatørar.
DSB-direktør Elisabeth Sørbøe Aarsæther seier til NRK at varslinga no skal verta undersøkt grundig.
– Mange har fått varselet, medan nokre ikkje har fått det. Me håpar at folk vil melda det tilbake til oss slik at me får undersøkt dette nærmare, seier ho.
Ein vanleg feil er at telefonen ikkje er oppdatert.
På sidene om naudvarsel på DSB ligg det ei oppskrift på kva ein må gjera.
– Inntrykket er at varselet har slått ned mange stader. Men no skal me undersøkja denne testen nøye, seier ho.