Jublar over forslag til lovendring – takkar regjeringa

Written by on 16. juni 2023

Regjeringa kom i dag med eit forslag til lovendring som går ut på at høgskular og universitet ikkje skal få bestemme sjølv om studiestader skal bli lagt ned, melde NTB.
Regjeringa vil altså endre lova som gjeld i dag.
Dersom lovforslaget blir vedtatt av Stortinget, vil styra ved universiteta og høgskulane miste makta til å bestemme studiestrukturen.
Det er ein av fleire endringar i universitets- og høgskulelova som regjeringa la fram i dag, eitt år etter at forslaga blei sendt på høyring.
– Ei nedlegging av ein studiestad kan få stor betydning for både arbeidsplassar og befolkinga i området. Det er eit politisk ansvar å sikre at heile landet får kompetansen dei treng, sa minister for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding fredag.
I Nesna kommune på Helgeland jublar dei over forslaget.
I ei pressemelding uttrykker ordførar i kommunen, Hanne Davidsen (Ap), og leiar for Folkeaksjonen for høgare utdanning på Helgeland, Jenny Myklebust, stor begeistring, ifølge Ranablad.
– Det regjeringa foreslår no er ei veldig tydeleg positiv lovendring som styrkar desentralisering av utdanning. Det har Folkeaksjonen for høgare utdanning kjempa for, skriv Myklebust.
Ordførar Hanne Davidsen seier at forslaget har stor betydning for Nesna.
– Universiteta og høgskulane skal sikre kvaliteten i utdanning og forsking, men dei folkevalte skal sikre busetting og kompetanse i heile landet.
Ifølge ho peikar utreiinga frå distriktsnæringsutvalet på at utdanning speler ei avgjerande rolla for at næringslivet i distrikta skal ha tilgang på arbeidskraft og kompetanse.
Dei er glade for forslaget fordi dei meiner at sentraliseringa blir forsterka ved at institusjonar blir sentralisert til byane og ungdomen blir igjen der dei studerer.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy