Hurtigruta skal få enorme segl – kan likevel segle under bruer

Written by on 9. juni 2023

I samarbeid med forskingsinstituttet Sintef og tolv andre norske partnarar er Hurtigruten i gang med å utvikle nullutsleppsskip som er spesielt tilpassa norskekysten.
Målet er å ha det første skipet klart til å segle innan 2030, skriv Hurtigruten Noreg i ei pressemelding tidlegare denne veka.
På dette skipet skal det blant anna stå høge segl som er utstyrt med solcellepanel. Men når skipet då blir 50 meter høgt på det meste, kan det til dømes få problem med å segle under bruer.
– Segla er teleskopiske. Dei kan takast opp og ned. Når dei er oppe, så vil vi vere 50 meter over lufta, og når dei er nede så er båten på det høgaste 29,9 meter. Det betyr at vi kan kome under alle bruene som vi seglar langs dagens kystrute, seier Gerry Larsson-Fedde Chief Operating Officer i Hurtigruten Noreg.
Dette prosjektet er framleis konseptuelt, og det står framleis att mykje forsking og utvikling før dei kan starte å bygge skipa.
– Vi går no inn i ein to års forsking og utviklingsfase der vi vil sjå nærare på desse teknologiane. Når vi er ferdig med desse to åra så skal vi vere ein stad der vi kan byrje å jobbe med ein spesifikk skipsspesifikasjon. Skal vi ha eit skip som er klart til 2030 må vi byrje å bygge skipa i 2027.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy