Fifa: Galatasaray må betale 33 mill. til Elabdellaoui

Written by on 2. juni 2023

Fifa meiner den tyrkiske klubben Galatasaray ikkje hadde grunnlag for å terminere kontrakten til den no heilgule Omar Elabdellaouis i Bodø/Glimt, ifølge TV 2.
Opplysingane kjem fram av eit Fifa-dokument.
Ein tribunal skal ha bestemt at klubben må betale Elabdellaoui om lag 2,8 millionar euro i kompensasjon, altså om lag 33 millionar kroner etter dagens kurs. Ein tribunal er ei dømmande myndigheit der to eller fleire personar fungerer som dommarar.
Galatasaray blir trua med overgangsnekt om dei ikkje betalar summen innan 45 dagar etter å ha fått beskjed om avgjersla.
Dommen er datert 30. mars, men saka har blitt slått opp i tyrkiske medium fredag.
Nyttårsaftan 2020 hamna Elabdellaoui i ei alvorleg fyrverkeriulykke som nesten kosta han synet. 31-åringen, som tidlegare var visekaptein for landslaget, gjorde comeback for Galatasaray 14 månader seinare, før dei i 2022 terminerte kontrakten hans, eitt år før kontrakten gjekk ut.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy