Snøen skal dale i nord
Written by on 27. mai 2023
Natt til måndag går temperaturane i nord ned. Det er venta snø ned til mellom 400 og 600 meters høgde i nordfylka.
I Nordland og Troms og Finnmark er det sendt ut gult farevarsel for snø for fjellovergangane på Saltfjellet, Beiarfjellet, Krutfjellet og Gratangsfjellet.
Det er det også for delar av fjella i Sør-Noreg frå laurdag kveld. På Dovrefjell, Strynefjell, Jotunheimen, Vikafjell og Hardangervidda er det meldt snø ned til mellom 600 og 800 meters høgde.
– Berekn ekstra tid om du skal ut å køyre, bruk riktige dekk og køyr etter forholda, skriv meteorologane i ei Twittermelding.
(©NTB)