Kvinne dømd etter å ha køyrt frå politiet på felgen

Written by on 27. mai 2023

Ei kvinne i 30-åra er dømd til sju månader fengsel for totalt 13 lovbrot etter ein biljakt på Helgeland i mai i fjor.
Det melder Brønnøysunds Avis.
Etter å ha stole ein bil i Brønnøy kommune, køyrde ho i retning Mo i Rana med høg fart.
Politiet fekk melding om ho på Nesna fordi bilen mangla eit dekk og kvinna køyrde på felgen. Politiet følgde etter med to patruljar. Kvinna auka farta og var oppe i 120 kilometer i timen.
Deretter sette politiet opp ei spikarmatte og punkterte dei andre tre hjula, men kvinna fortsette køyringa. Delar begynte etter kvart å ramle av bilen, men til slutt måtte jakta avsluttast med at politiet torpederte kvinna sin bil i ei rundkøyring i Mo i Rana.
I Helgeland tingrett er kvinna no dømd til sju månader fengsel for til saman 13 forhold, blant anna vald mot offentleg tenestemann og køyring utan gyldig førarkort. Fleire av forholda er knytt til biljakta.
Kvinna har vore varetektsfengsla sidan februar, då ho blei pågripen for drapsforsøk etter ei valdshandling i Mo i Rana. Denne saka er ho enno ikkje dømd for, berre sikta, skriv Rana Blad.
(NTB)


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy