Innfører godtgjersle for å bruke sykkel
Written by on 30. mai 2023
I februar foreslo Håkon Møller på vegner av Miljøpartiet Dei Grøne å innføre ei kilometergodtgjersle for å bruke eigen sykkel på tenestereiser der dette er gunstig.
Det opplyser Nordland fylkeskommune.
Fylkesrådet meinte då at det var ei fornuftig ordning å innføre, med tanke på både helsemessig og økonomisk gevinst.
No har fylkesrådet vedtatt å innføre ordninga. Fylkesråden tilrår ei godtgjersle på fem kroner per kilometer.
Bakgrunnen for forslaget er forklart med at fylkesrådet ønsker å stimulere til auka fysisk aktivitet. Initiativet har ikkje heimel i staten sine satsar for kilometergodtgjersle. Difor finst det ingen sats for ei slik godtgjersle.
Det betyr at ei eventuell godtgjersle vil vere skattepliktig frå første krone. Difor må det bli fastsett ein sats på godtgjersla for tilsette i Nordland fylkeskommune.