Dua Lipa syng songen til Caroline frå Bodø
Written by on 31. mai 2023
Caroline «Ailin» Furøyen frå Bodø har skrive låtar saman med fleire av verdas største artistar. No har ho skrive ein song til den nye Barbie-filmen, framført av popsensasjonen Dua Lipa.
Furøyen har tidlegare jobba med Dua Lipa, og har skrive låtane «New Rules» og «Don’t Start Now». Førstnemnde har over ein milliard avspelingar på musikkstrøymetenesta Spotify. Den andre har over 2 milliardar.
Fredag 26. mai blei Furøyen sitt ferskaste bidrag utgitt på strøymetenestene. Songen er framført av Dua Lipa og heiter «Dance The Night». Etter berre fire dagar i offentlegheita har songen samla inn i underkant av 8 millionar avspelingar.
Songen er ein del av «Barbie The Album» og er ein av songane på den komande storfilmproduksjonen frå Hollywood «Barbie» sitt lydspor.
Filmen har premiere 21. juli og skal bli vist på Fram kino i Bodø.