Bodø/Glimt med 5-1 på heimebane
Written by on 29. mai 2023
Det blei ein overlegen siger til dei heilgule under kveldens Eliteseriekamp på Aspmyra stadion.
Bodø/Glimt møtte Viking og vann 5-1, med siste mål i nettet etter 100 spelte minutt.
Til pause var Glimt i leiinga med 2-0 etter ein underhaldande omgang med mykje fart. Heimelaget var det førande laget og fekk betalt i scoringar frå Albert Grønbæk og Joel Mvjuka.
I andre omgang scora Lars-Jørgen Salvesen 2-1 målet for Viking. Ti minutt seinare fekk Amahl Pellegrino stange inn 3-1 målet for laget på heimebane.
Patrick Berg scora i nittiande minutt, med 4-1.
Men spenninga var ikkje over av den grunn, då kampen fekk ti minutt tillegg.
Joel Mvuka var ikkje ferdig for kvelden og sette ballen i nettet med målgivande frå Hugo Vetlesen og sikra 5-1 til Bodø/Glimt.
Etter 100 spelte minutt kom lyden frå dommarfløyta og det blei siger for Bodø/Glimt over Viking i den åttande runda i Eliteserien.