Forsinkingar på Bodø Lufthavn

Written by on 4. mars 2023

Fredag ettermiddag blei ei rekke fly forsinka både til og frå flyplassen i Bodø som følge av dårleg vêr.
Også laurdag er det forsinkingar i fleire avgangar, melder Avisa Nordland.
Widerøe-flya som skulle kome frå Sandnessjøen, Brønnøysund og Trondheim (to fly) er alle mellom 40 og 60 minutt forsinka.
Ifølge pressekontakt i Widerø, Catharina Solli, er årsakene samansette:
– Rullebana i Bodø har vore stengt tidlegare i dag. Det fekk følger for fleire avgangar. I tillegg har rullebana i Brønnøysund vore stengt som følge av defrosting. Det har igjen ført til forsinkingar fleire stader, seier ho til avisa.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy