Fleire søker vidaregåande opplæring

Written by on 4. mars 2023

For første gong på 12 år har talet søkarar til vidaregåande skule i Nordland gått opp.
Det opplyser Nordland fylkeskommune i ei pressemelding.
Totalt har 7426 personar med ungdomsrett, altså rett på tre år vidaregåande opplæring, søkt i fylket i år. Det er 134 fleire enn i fjor.
Veksten er særleg sterk blant dei som søker første gong. I denne gruppa er det heile 400 fleire søkarar enn i fjor.
Det har i høg grad med flyktningane frå Ukraina å gjere, opplyser fylkesråd for utdanning og kompetanse, Fredric Persson.
– Fleire hundre flyktningar frå Ukraina har søkt vidaregåande skule i år. Fylkesrådet har allereie bevilga to millionar kroner for å få flyktningar raskt inn på norskopplæring, seier han.
Spesielt tre utdanningsprogram har ein oppsving i tal søkarar:
Restaurant og matfag har hatt ein vekst i søkartala på 22,7 prosent.
Informasjonsteknologi og medieproduksjon har ein auke på 22,5 prosent.
Naturbruk har 19,7 prosent fleire søkarar enn i fjor.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy