Skulebuss med seks elevar hamna i grøfta

Written by on 2. februar 2023

Skulebussen var på veg til Altermarka og Snefjellå i Mo i Rana då den køyrde seg fast i ein sving og vart hengande ut i grøfta. Det skriv lokalavisa Rana Blad.
– Dette skjedde fordi skulebussen møtte på ein lastebil lasta med grus. Dermed måtte bussen rygge ned bakken og i samband med rygginga hamna bussen ut i grøfta og vart hengjande fast.
Det seier kommunikasjonsansvarleg Jon Kristian Fadnes i busselskapet Boreal til lokalavisa.
Han fortel at ingen om bord vart skadd i hendinga, verken skulebarn eller sjåføren. Fadnes seier også at bussen no er fjerna frå vegen, og at den ikkje fekk materielle skadar av turen ut i grøfta.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy