Riksveg 80 kan bli stengt frå søndag
Written by on 10. februar 2023
Riksveg 80 mellom Fauske og Bodø kan bli stengt på kort varsel frå søndag morgon. Det er dersom det oppstår fare for nye sørpeskred ved Kistrand i løpet av helga.
Det opplyser Statens vegvesen.
Det har kome mykje snø siste døgnet og er venta meir utover fredag og laurdag. Frå natt til søndag vil nedbøren gå over til regn, og det er fare for sørpeskred i same område som skreda 25. januar.
Frå natt til søndag vil skredfaren auka og frå då og utover søndagen kan vegen bli stengt på kort varsel.
– Vi gjer alt vi kan for å forsikre oss om at vegen er trygg, og viss den ikkje er trygg vil vi stenge, seier kontrollingeniør Erling Hansen i meldinga.
Statens vegvesen set ut vakter for å overvake skredløp og for å kunne stoppe trafikken raskt dersom det blir behov for å stenge vegen. I tillegg står drone klar for å undersøke området søndag.
Nedbørsmengdene avgjer kor lenge skredfaren vil vare, opplyser Statens vegvesen.