Kirkens Bymisjon i Bodø må kutte i tilbod

Written by on 9. februar 2023

Kirkens Bymisjon i Bodø har delt ut mat til fleire hundre personar kvar veke.
Men no må dei kutte i tilbodet, fordi det er tomt for både mat og pengar, skriv Avisa Nordland.
– Før jul fekk vi ein del pengar som vi handla mat for, men no er dei brukte opp, og vi får ikkje nok overskotsmat frå butikkar og grossistar til å kunne levere kvar veke.
Det seier avdelingsleiar for gatenært arbeid i bymisjonen, Børge Hansen til lokalavisa.
Dette skjer samtidig som at etterspørselen etter mat har auka. Ifølge Hansen leverte bymisjonen i august i fjor mat til 350 menneske i veka, i januar i år auka det til 800.
I eit brev som blir sendt ut til alle som tek i mot matposar frå bymisjonen, står det at dei frå 13. februar vil få leveransar annakvar veke.
– Viss din situasjonen er endra, og du ikkje lenger er avhengig av tilbodet, set vi stor pris på at du melder deg av lista, skriv Hansen i brevet.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy