Helse Nord: – Store endringar må til
Written by on 16. februar 2023
– Helse Nord er ute av kurs, og vår evne til å sørge for god og likeverdig kvalitet på tenestene til den nordnorske befolkinga er trua.
Det skriv kontituert administrerande direktør i Helse Nord, Marit Lind, i ein kronikk knytt til saka som skal behandlast i Helse Nord sitt styre neste veke.
Den som vil forstå korleis, skriv Lind, må studere bemanningssituasjonen.
– Mange er opptatt av budsjetta, og trur vi må gjennomføre endringar berre for å spare pengar. men Helse Nord har faktisk budsjett stort nok til mange fleire stillingar enn vi klarar å rekruttere til. Hovudårsaka til høge kostnadar er at vi forsøker å dekke opp ubemanna stillingar med vikarar frå private byrå, og overtid for våre eigne tilsette.
Innleige og overtid hjelper sørgeleg lite, skriv Lind.
«Tiltak for å sikre berekraft i Helse Nord» er tittelen på saka som styret skal behandle i det regionale helseføretaket.
– Vi må endre frå små og sårbare til større og meir fleksible einingar og fagmiljø. Vi må omprioritere ressursar frå døgnkontinuerlege tilbod med låg aktivitet til vaktordningar med høg aktivitet, og einingar for planlagt behandling med betre kapasitet, skriv Lind i kronikken.
– Unge helsearbeidarar seier no klart ifrå: Om vi vil rekruttere og halde på dei, så må vi tilby konkurransedyktige arbeidsvilkår.
Ho skriv vidare at dei i aukande grad ser at ungdommen ser sørover eller til private arbeidsgivarar for alternativ.
Ho poengterer at Helse Nord er blant dei beste i landet på nokre område.
– Samtidig har vi over tusen ubemanna stillingar, lange ventelister, mange fristbrot og eit universitets- og regionsjukehus som sakkar akterut innan forsking og moderne persontilpassa medisin.
For å snu utviklinga presiserer Marit Lind blant anna desse måla:
Etablere ny funksjons- og oppgåvedeling i Helse Nord basert på ein struktur som lar seg bemanne og som gir berekraftig økonomi.
Følge opp dei medisinske utviklingstrekka, inkludert aukande spesialisering, nye behov innan medisinsk teknologi, digitalisering og persontilpassa medisin.
Tilpasse tenestene og samarbeidet med kommunane til den auka andelen eldre pasientar.