Byggegigant i Bodø nedbemannar
Written by on 16. februar 2023
Gunvald Johansen Bygg er eit av dei største entreprenørbedriftene i Salten. No nedbemannar dei med 40 årsverk, skriv Avisa Nordland.
– Bransjen vår er hardt ramma av auka renter, den generelle inflasjonen i Noreg og auka byggekostnadar, seier konsernleiar for bygg, Jørn Vidar Johansen.
Torsdag 16. februar klokka 14.30 blei alle tilsette i Gunvald Johansen Bygg samla til eit felles møte for å bli orientert om det som er ei betydeleg nedbemanning.
Årsaka er at tilgangen på nye oppdrag er kraftig redusert.
– I praksis er det full stopp. Vidare er bustadsalet redusert og mange kundar til nybustadprosjekt er avventande, seier Johansen.
Konsernet vil etter planen bli redusert frå rundt 350 til 310 tilsette totalt.