Straumbrot på Andøya

Written by on 23. januar 2023

– Heile Andenes er utan straum. Vi har mannskap ute å jobbar med feilsøking.
Det seier Tommy Søberg i Andøy Energi Nett til NRK måndag føremiddag.
Han seier at dei ikkje veit kva årsaka er per no, men dei held på å kartlegge.
I ei melding til abonnentane sine opplyser nettselskapet at det er feil på høgspentnettet mellom Dverberg og Andenes. Det skriv lokalavisa Vesterålen Online.
– Vi kan ikkje seie kor lang tid det tek før straumen er tilbake. Vi kjem tilbake med meir informasjon når vi veit meir, skriv dei.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy