«Hver gang vi møtes» har passert 1 million sjåarar
Written by on 13. januar 2023
Den første episoden av årets sesong av TV 2 suksessen «Hver gang vi møtes» har no passert ein million sjåarar.
Aldri før har så mange sett ein episode av programmet. Det skriv Avisa Nordland.
Årets sesong frå Kjerringøy ligg an til å bli den mest sette nokon gong, ifølge TV 2.
Og medan ein million sjåarar har sett premiereprogrammet, har snart 900.000 sett hyllesta av Freddy Kalas på under ei veke. Ikkje berre har dei som ser programmet lineært auka sidan i fjor – talet som ser programmet via TV 2 Play har nær dobla seg sidan 2022-sesongen.
– Dette er heilt fantastisk, og viser kor godt sesongen i år har treft sjåarane. Miksen av artistar har verkeleg treft hjarta til publikum, og når to av låtane toppar listene i Noreg og dessutan at seks låtar er inne på topp 20, har vi all grunn til å vere kjempestolte. All honnør til alle involverte i denne produksjonen, seier programredaktør Kathrine Haldorsen i TV 2.