Freiberg innstilt som ordførarkandidat

Written by on 31. januar 2023

I dag har nominasjonskomiteen i Hadsel Høgre presentert si innstilling til nominasjonsliste for kommunevalet i Hadsel som blir i september 2023.
Dei har innstilt Kjell-Børge Freiberg på førsteplass, skriv dei i ei melding.
Tidlegare olje- og energiminister Freiberg seier han er takknemleg for tilliten frå nominasjonskomiteen.
– Mykje har skjedd sidan sist eg var ordførar, samtidig er det mange moglegheiter som med riktig politikk, samarbeid og innsats vil gjere Hadsel endå betre.
Leiar i nominasjonskomiteen, Lina Vibe, seier dei har fått tilbake ein stor ressurs når dei no innstiller Freiberg som ordførarkandidat.
– Hans lokalkunnskap, politiske erfaring og nettverk, samt kjennskap til embetsverket er av stor verdi for den vidare utviklinga av Hadsel.
Under Freiberg på lista står Lena Arntzen og Andreas Riibe-Øien.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy