Noreg og Færøyane einige om fiskeriavtale

Written by on 9. desember 2022

Noreg og Færøyane er einige om fiskeriavtale for 2023, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding.
– Avtalen med Færøyane er viktig for oss. Norske fiskarar har lange tradisjonar for å fiske i færøyske farvatn. Det er bra at vi har fått på plass ein avtale som vidarefører desse fiskemoglegheitene også i 2023.
Det seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i Arbeidarpartiet.
Avtalen for 2023 fører vidare kvotenivået frå i år. Det betyr at kvoten på lange/blålange blir 3.000 tonn og brosmekvoten på 1.500 tonn.
Kvoten for bifangst for andre artar på 800 tonn og makrellkvoten på 6.600 tonn blir vidareført frå i år.
Makrellkvoten kan fiskast både i færøyske farvatn, norsk økonomisk sone og internasjonalt farvatn.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy