Nordland får 5,1 millionar til kollektivtransport

Written by on 21. desember 2022

Nordland, Oslo, Viken og Vestland får utbetalt i alt 76,8 millionar kroner meir til fylkeskommunal kollektivtransport.
5,1 millionar kroner går til til Nordland fylkeskommune.
Det meld Samferdselsdepartementet i ei melding.
– Kollektivtransporten blei hardt råka av koronapandemien. For å dekkje tapte billettinntekter og bidra til omstilling etter pandemien har staten stilt opp økonomisk for fylkeskommunane. Tidlegare i år fekk Oslo kommune og tre fylkeskommunar diverre utbetalt for lite i koronakompensasjon. Dette rettar vi no opp i, slik at blir litt enklare for desse fire å utvikle kollektivtilbodet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Stramme tidsfristar i samband med utrekning av utbetalingar i august 2022 førte til at prognosar for inntektstap blei brukt i staden for reknskapstal. For Oslo og fylkeskommunane Viken, Vestland og Nordland var dei reelle inntektstapa høgare enn prognosane, slik at utbetalingane blei for låge.
Etter ein gjennomgang har Samferdselsdepartementer kome fram til at den samla differensen mellom prognosar og relle inntektstap er på 76,81 millionar kroner. Dette er fordelt med 13,6 millionar kroner til Oslo kommune, 42,81 millionar kroner til Viken fylkeskommune, 15,3 millionar kroner til Vestland fylkeskommune og 5,1 millionar kroner til Nordland fylkeskommune.
Midlane vil bli utbetalt no i desember som ein del av rammetilskotet over Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy