Jubelår for fjellreven i Norden

Written by on 19. desember 2022

Med 164 kvalpekull vart 2022 eit jubelår for fjellreven i Noreg, Sverige og Finland. No vil landa samarbeide om ein fornya handlingsplan for fjellrev, skriver Miljødirektoratet.
– Det er sett i verk mange tiltak for å byggje opp fjellrevbestanden i både Noreg, Sverige og Finland, og det er gledeleg å sjå at dei gir resultat. For å snu den negative utviklinga for trua artar treng vi innsats lokalt, men også koordinering og forpliktingar på tvers av landegrenser, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Den endelege oppteljinga av årets norske fjellrevkull er klar, og viser ei klar toppnotering på 72 kull i 2022. Samla sett for Fennoskandia vart det eit rekordår med 164 kull totalt – 91 kull i Sverige og eitt kull i Finland. Kullet i Finland er det første sidan 1996.
Bestandane av fjellrev ligg langs den skandinaviske fjellkjeda, og mange av delbestandane er grenseoverskridande. Alle tre landa gjer tiltak for å betre situasjonen for fjellrev, og Noreg og Sverige har hatt ein felles handlingsplan sidan 2017.


Continue reading

Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy