Isbreane i Nordland fortset å smelte tilbake

Written by on 6. desember 2022

I Nordland har fire brefrontar i gjennomsnitt trekt seg tilbake 22 meter i år. Austre Okstindbreen i Hemnes hadde den største tilbakegangen med 35 meter. Dei siste 10 åra har breen trekt seg tilbake 320 meter, syner ein oversikt frå NVE.
Massebalansemålingane på Engabreen, ein nordleg utløpar frå Svartisen, viste at breen var om lag i balanse i år. Det kom meir snø enn normalt i vinter men smeltinga i sommar var også større enn normalt. Resultatet for dei siste 20 åra har vore eit underskot på 6 meter vassekvivalentar som tilsvarar at heile breen har vorte om lag 7 meter tynnare. Fronten til Engabreen har trekt seg tilbake 28 meter det siste året, og 398 meter tilbake i løpet av dei siste 20 åra.
NVE sine bremålingar i 2022 viser at 33 av 34 målte brefrontar har smelta tilbake.
Den størst tilbakegang i år hadde Storjuvbrean i Jotunheimen (-94 meter), Tuftebreen på austsida av Jostedalsbreen (-65 meter) og Langfjordjøkelen i Vest-Finnmark (-61 meter). Dei 34 breane har i gjennomsnitt smelta tilbake 25 meter.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy