Helgelandssjukehuset tilbake i normal drift

Written by on 31. desember 2022

Leiinga for beredskap i Helgelandssjukehuset har bestemt å gå ned frå grøn beredskap til normal drift.
Det gjorde dei klokka 1015 laurdag, skriv sjukehuset i ei pressemelding.
Helgelandssjukehuset har vore i grøn beredskap sidan onsdag 28. desember klokka 17.45. Årsaka er høgt belegg, mange pasientar som er klare til utskriving, og mange innlagde pasientar med influensa og andre luftvegssjukdomar.
Smittevernråd som er gitt, gjeld framleis:
1) Om du er sjuk ber vi deg vente med å besøke innlagde pasientar til forma din er god.
2) Dersom du likevel må besøke nokon som er innlagd ved sjukehuset, ber vi deg om å bruke munnbind ved symptom på luftveginfeksjon.
3) Personar i risikogruppa kan bruke munnbind blant folk innandørs når det er vanskeleg å halde avstand.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy