Partiveteran vraka frå fylkestinglista

Written by on 1. november 2022

Partiveteranen i Raudt, Per-Gunnar Skotåm, er vraka frå fylkestinglista i Nordland.
Det erfarar Klassekampen.
I førre veke blei det kjent at nominasjonskomiteen i Raudt Nordland låg an til å setje Skotåm øvst på lista til fylkestingvalet, noko som skapte sterke reaksjonar i både Raudt og Raud ungdom.
Laurdag gjekk partileiar Bjørnar Moxnes til det uvanlege skrittet å be Rødt Nordland om å tenke seg grundig om på grunn av Skåtoms tilknytning til Steigan.no, som har vore kritisert for å gjengi russisk krigspropaganda og konspirasjonsteoriar.
Skotåm sjølv ønsker ikkje å kommentere nominasjonsprosessen før komiteen i Nordland har offentleggjort sitt endelege listeforslag.


Current track

Title

Artist

Background
Generated by Feedzy